Cabin Fever
Massbu

Massbu

▲ 386 m · NO

Beliggenhet Hytta ligg nedanfor ein utsiktsknaus i Laukelandsmarka i Sunnfjord kommune, 370 moh. Det er om lag 30 minutt å gå frå skiltinga på grusvegen som går opp frå Laukeland (hugs avgift). Dette er eit barnevennleg turmål og ein fin, kort familietur. Frå hytta er det relativt kort veg til starten av stien opp til Laukelandshesten, og stien vidare til Nipebu startar rett bak hytta. Ver merksam på at terrenget rundt hytta kan vere litt blautt vår og haust. Dette er ei hytte for dei som likar overnatting med enkel standard, eller for dagsturar med kaffi og bål. Rom Massbu er ei lita og sjarmerande tradisjonshytte med to rom. Det er eit forrom med to køyesenger, vedomn og kjøken, og eit opphaldsrom med sovebenkar og bord. Det er totalt fire sengeplassar, og alle sengene kan førehandsbestillast. Utstyr Du finn fire dyner og tepper, dekkjetøy, to gassbluss og oljelampar. Utanfor er det ein hyggeleg bålplass med sitjebenkar, og det er eit vedskjul ved sida av hovudinngangen. Det er utedo 50 meter vest for hytta. Hytta er ubetent og har ikkje proviantlager. Det er tilrådd å ta med vatn, men du finn skildring av næraste vasskjelde ved inngangsdøra. Hund Det er ikkje tillatt med hund i hytta. Naturvern Hugs alltid sporlaus ferdsel Bestilling og betaling Bestill overnatting (grøn knapp over) for å sikre deg plass på hytta. Du må vere på plass før kl. 19.00 første dagen du har bestilt. Skriv deg inn i hytteprotokollen ved ankomst. Dersom du ikkje har bestilt og betalt på førehand, kan du betale via DNT-appen. DNT –medlemskap Me har rabatterte prisar til medlem. Meld deg inn i DNT for medlemspris du også! Samstundes støtter du det gode arbeidet som vert lagt ned av DNT! Anna informasjon Mobiltelefon: På Massbu er det dekning litt rundt omkring. Oppe på høgdene bak hytta eller ved det vesle vatnet sør for hytta er det muleg å få kontakt. Det kan vere hjortejakt i området om hausten. _____________ Dersom du har spørsmål ta kontakt ved tlf: 413 37 213 eller indresunnfjord@dnt.no ____________

Check availability & book

October 2026

Nothing free on 2026-10-05 yet

Full for your dates? We'll email you if something opens up.

We store the hut, arrival date, nights and group size in your account. When our data shows enough beds on every night, we email you once. This does not reserve beds. Checking stops after the email or once the arrival date has passed. The entry stays until you remove it; removing deletes it and stops further alerts.

Nights
1
Guests
1
Plan a multi-day trip with this hut →

Location