Børabu
▲ 515 m · NO
Velkommen til Flora Turlag sitt nyaste tilskudd i hyttefamilien. Børabu ligg idyllisk til 515 meter over havet, midt i mellom Børavatn og Grisebotsvatnet. Her er 6 sengeplassar, utedo og mogelegheiter til å lage eit godt måltid på gassgrillen på kjøkkenet. Solscellepanel gjer det mogeleg med enkel lading av f.eks. mobiltelefon. Vi drifter Børabu i samarbeid med Sogn og Fjordane Energi (SFE) som eiger hytta. Hytta ligg ved foten av majestetiske Haukåbøra, som er eit flott turmål og lett gjenkjennelig frå alle kantar. Her er god mobildekning. Bestilling og betaling På denne hytta kan du bestille overnatting. Då har du førehands tilgang til bestilt sengeplass fram til kl 21.00 på ankomst dag. Om du tar turen uten å ha bestilt, vil det alltid vera moglegheit for overnatting . Hugs å skriv deg inn i hytteprotokollen. Betal dersom du ikkje har bestilt og betalt på førehand. Betalingsinfo finn du på hytta. Treng du å avbestille? Logg inn på min side på DNT Hyttebestilling . Du skal ha fått lenka i bekreftinga når du booka. Har du spørsmål? Kontakt med Arild Nordal på 977 12 597 / E-post: arild.nordal@gmail.com Hund Av hensyn til dei med allergi har ikkje hunder adgang til hytta. Husk generell båndtvang gjeldende fra 1.april til og med 20.august! Sikring Det er ei sikring inne i hytta til høgre for døra som ein må slå på for at strømmen og gassalarmen skal virke. Reservegass og ved Er lagra i vindfang og nede på utedoen.
Check availability & book
| Mo | Tu | We | Th | Fr | Sa | Su |
|---|---|---|---|---|---|---|
1 bed free on 2026-08-06
Book ↗